Klaustrofobi
Kategori:
Fobier/frykt
Din rolle:
Terapeut
Beskrivelse av problemet:
Angst for å vere i fryserommet med døra attleten. Måtte altid setje noko i døropninga, som heldt døra open.
Tidligere behandling medisinering:
ikkje behandla tidlegare.
Behandlings beskrivelse:
Kvinna beskreiv at ho var redd for at døra skulle gå igjen, kvar gong ho var inne i fryserommet. Ho gjorde det ho skulle der, men brukte aldri unødvendig lang tid. Tanken på å vere i Fryserommet med døra attleten, gav SUD 8. Banka på traumealgoritmen, brukte PR I,II og III, og brukte spørreteknikk. SUD sank til 4.
Resultat:
Etter behandlinga, var ho usikker på om ho turde å lukke døra neste gong ho skulle inn på fryserommet. Men ho var og nysgjerrig på å prøve det ut i praksis. Same kveld skulle ho inn på fryserommet. Ho våga først ikkje å la døra gå att. Men så tok ho ein bestemmelse, og let døra gå att. Ho kjende litt ubehag då døra gjekk igjen 1. gongen. Men ho gjekk ut og inn fleire gongar, og raskt var det ikkje ubehageleg at døra var att. Rapporterte også at ho fekk eindel ubehag etter behandlinga- i form av sterk hodepine, sveitting, og at ho følte seg sint og irritert. Dette varte heile kvelden, og hang att eindel neste dag. Eg besøkte henne på kvelden neste dag. Det første vi då gjorde, var å banke for desse symptoma. Og med litt spørreteknikk, fekk vi dei vekk.