Heldt på med TFT-behandling av eit anna problem, då kvinna brått fekk smerter i korsryggen med utstråling til hoftene og nedover venstre foten. Dette problemet oppstod gjerne når ho sat i ro eller køyrde bil. Og no hadde ho altså site i ro i ca. ein halv time.. Vi gjekk då over til å behandle smertene i ryggen/ foten. SUD var 6. Brukte først smertealgoritmen og PR I,II og III, men etter litt spørreteknikk, gjekk eg over til traumealgoritmen og PR I, II og III. Brukte 9Gamut. Etter ca.20 minutt, var smertene SUD 2, sjølv om kvinna framleis sat i stolen. Ho hadde bevegd seg litt fram og tilbake i stolen, i byrjinga, då smertene var sterkast.