Magesmerter hos ung jente - "uvanlig oppskrift" måtte til
Kategori:
Smerter
Din rolle:
Terapeut
Beskrivelse av problemet:
hyppige magesmerter.
Tidligere behandling medisinering:
Jente, 6 år. Så lenge ein kan hugse, har jenta stadig klaga over magesmerter. Jenta har normal vekt, og virkar elles frisk. Difor har det ikkje blitt gjort nokon undersøkelsar i forhold til magesmertene, anna enn å diskutere problemet med helsesyster.
Behandlings beskrivelse:
Eg har gjentatte gongar prøvd å hjelpe denne jenta med magesmertene ved hjelp av TFT. Jenta har heile tida samarbeidd godt,og beskriv med form, farge osv. Ho har forstått prinsippet med SUD-skalaen. Spørreteknikk har vi brukt lite, då det følest vanskelegare. Dei første månadane gjorde vi fleire forsøk med TFT mot magesmertene. Prøvde med "Fysisk smerte"-algoritmen, "Traumealgoritmen" og "Øye-arm-Kragebein ". Benytta PR I,II og III som beskreve i kurset. Men eg klarte ikkje å få effekt på magesmertene hennar. Derimot opplevdest det ofte som magesmertene blei verre når vi banka. Så ein kveld, prøvde vi igjen. Brukte dei nemde algoritmer. Men bestemte meg så for å teste ein alternativ algoritme for angst- "Arm-Øye-Kragebein". Då plutseleg, var det som å slå på ein brytar..Etter ein gong på desse 3 punkta, hadde SUD sunke frå 10 til 8!!! Eg blei ganske paff, etter så mange forsøk utan resultat. Eg reverserte, gjentok, og tok 9Gamut, slik vi hadde lært. SUD fortsette å gå nedover, som eit "klassisk skuleeksempel", og på mindre enn 10 minutt var SUD 0. Det var heilt utruleg.
Resultat:
Jenta var veldig fornøgd, og undrande over det som hadde skjedd.